Hopp til innhold
X
Innhald

Norwell AS

Heimesida til Norwell AS på internett.

Heimesida til Norwell AS på internett.

Norwell AS fiskeeksportfirma vart skipa i Florø i 1996 av Kjartan Strand.
Selskapet eksporterer laks og lakseprodukt, og hadde 12 tilsette og ei omsetning på kring 500 millionar kroner i 2005. Strand er hovudaksjonær, men både tilsette og tilknytte oppdrettarar er medeigarar i selskapet.

I 2010 hadde omsetninga stige til nesten 900 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.01.2011