Hopp til innhold
X
Innhald

Ny oppgangstid i sildefisket

Fiskarguten, skulptur i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskarguten, skulptur i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter mange svartår kom storsilda tilbake til Fjordane i 1886. Over 8.000 fiskarar deltok, og i alt vart det fiska 500.000 hl. storsild til ein verdi av 2,4 millionar kroner. Men sildeeventyret vart berre eit blaff, før det kom eit nytt storår i 1897.

Torsken vart berginga

Det som skapte velstanden i kyststroka frå 1890 og utover, var det eventyrlege torskefisket på kysten frå Kinn og nordover til Stad frå slutten av 1800-talet og fram til 1. verdskrig. Det var i desse åra at fiskeværet Kalvåg fekk si glanstid, og at det vaks fram eit nytt fiskerisenter i ytre Nordfjord: Måløy.

Florø hadde i åra frå 1890 og utover sterk vekst, med dobling i folketalet. Kring 1. verdskrig flytta tyngda av torskefisket seg nordover frå Kinn og Bremanger til Vågsfjorden og Kvalheimsvika i Vågsøy, og det vart jobbetid i Måløy.

Neste side: Dampskip og havfiske

Førre side: Kriseår og naudhjelp

Hovudside: Fiskerihistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010