Hopp til innhold
X
Innhald

Ny stordomstid under futane Nagel

Dagens eigar, Ole Svanøe, viser fram litt av den staselege innreiinga i stova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dagens eigar, Ole Svanøe, viser fram litt av den staselege innreiinga i stova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Då Morten de Svanenhielm døydde i 1749, selde enka Cecilia Kristine den adelege setegarden på Svanøy og fem underliggande gardar til kammerråd og fut i Sunnfjord og Nordfjord Hans Thiis Nagel.

Nagel var utnemnd til fut i 1731 og budde på futegarden på Fure (sjå Historia i Fjaler). Då han kjøpte Svanøy flytta han dit, og la grunnen for ei ny stordomstid på øya. Nagel bygde ei mengd nye hus på gardstunet, og han hadde både båthus, sjøhus og jekter. Hovudbygningen vart mykje utvida og fekk staseleg innreiing. På garden heldt han 12 tenarar.

Nagel eigde ei mengd kyrkjer i distriktet og kjøpte og slo under seg over 100 gardar i Sunnfjord og Nordfjord. Mange av desse gjekk som medgifte etterkvart som han gifte bort døtrene sine. For Hans Thiis Nagels døtre var ettertrakta koner for rikfolk: Margrethe gifta seg med kaptein Fredrik von Storm på storgarden Osen gard i Gaular, Anne Laurentse med den rike kjøpmannen Peder Pederson Tonning i Stryn, og Ingeborg Catrine med sorenskrivar Hans Arentz i Dale, mannen som skreiv «Søndfjords Beskrivelse» i 1785. Sjølv var Thiis Nagel gift med Kristine Margrethe Worm, som var dottera til Jens Worm - sjef ved Årdal kopargruver.

Svanøy-futane døyr ut

For å sikre arvefylgja i futeembetet, syrgde Hans Thiis Nagel tidleg for å få «påsett» sonen Jens Worm Nagel som «adjungered Foged». Faren bygde også eit herskapeleg hus for sonen, det som seinare vart flytta til Bruland i Førde og vart Futegarden Bruland. Jens gifta seg i 1777 med Christiane Margrethe Heiberg. Dei vart barnlause, og då Jens døydde i 1788, gifta enkja seg oppatt med kjøpmann Hermann Dietrich Janson og flytta med han til Bergen.

Dei to selde Svanøy Hovudgard til haugianaren Ole Torjusson Helling i 1804. Men dermed var ikkje Nagel-slekta si tid på Svanøy omme, for kring 1830 gifta eit oldebarn av Hans Thiis Nagel, Lovisa Rennord frå Osen gard seg med Ole Torjusson sin son Christopher Svanøe.

Men futetida var over ned Jens Worm Nagel: I 1789 flytta den nye futen Nikolai Lambrecht til Bruland i Førde, og reiv og flytta «futegardshuset» frå Svanøy til Bruland. På Futegarden Bruland budde futane til embetet vart nedlagd i 1898.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2014