Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Hovland

Ola Hovland med Wilkenbua i bakgrunnen. © Fylkesarkivet.

Ola Hovland med Wilkenbua i bakgrunnen. © Fylkesarkivet.

Ola Kristofferson Hovland (1883-1967) frå Eikefjord, busett i Dale og Eikefjord. Fabrikkeigar. Utlærd bøkker heime i Eikefjord, der faren Kristoffer Dahle-Hovland m.a. dreiv tønnefabrikk. Reiste i 1908 til Dale i Fjaler og starta i 1912 Dale Tønnefabrikk i den såkalla «Wilken-buda», og fekk etter eit par års drift 25 tilsette.

Sysselsette 100 mann

I dei beste sesongane kunne tønnefabrikken ha opptil 100 personar i arbeid, og var den største i fylket. Ola Hovland dreiv også ei kort tid Dale Cementstøperi saman med Barthold Vonen (sjå Fjaler kommune). Verksemda produserte takstein og røyr.

Han var også dampskipsekspeditør, dreiv sildesalteri og bygde i 1918 eige elektrisitetsverk. Flytta i 1936 tilbake til Eikefjord, og starta ny tønnefabrikk med 10 tilsette der ved sida av at han dreiv garden. Sonen Kristoffer Hovland fødd 1909 tok over som disponent ved fabrikken i Dale, men Ola Hovland var framleis med i styret. Han arbeidde svært aktivt for å fremje småindustrien sine kår.

Også broren Aksel Hovland flytta til Dale og starta stor tønnefabrikk.

Sjå meir under:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011