Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Ellingsen

Olav Ellingsen, født 1941 i Time på Jæren, busett i Florø. Ingeniør, oppfinnar og industrigründer. Han har teke patent på over 50 oppfinningar.

Olav Ellingsen skipa i 1974 selskapet Industrikontakt, Olav Ellingsen & Co. i Florø. Som oppfinnar står Ellingsen bak ei mengd patentar som m.a. gjeld utstyr for oljeutvinning, rensing av boreslam, medisinsk utstyr til diabetes-pasientar, piggdekk med senkbare piggar og prossesutstyr for aluminiumsindustrien.

Han har vore medskipar av ei mengd selskap som skulle utnytte dei ulike oppfinningane, og er medeigar i fleire av dei. Fleire av verksemdene har halde til i Florø, mellom desse ein stasjon for rensing av slam frå oljebrønnar. Medskipar med Sogn og Fjordane Industriforening 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011