Hopp til innhold
X
Innhald

Ole A. Eikefjord

Landhandelen til Ole A. Eikefjord låg der Eikefjord Handel og bensinstasjonen ligg i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landhandelen til Ole A. Eikefjord låg der Eikefjord Handel og bensinstasjonen ligg i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole A. Eikefjord (fødd 1878) starta i 1912 landhandel i Eikefjord. Han kjøpte då den gamle landhandelen «Foreininga» av Abraham Hopen, og var også telefonstyrar.

Sonen Anders fødd 1917 tok over i 1947. Han starta tønnefabrikken Solid A/S i 1948. Fabrikken gav arbeid til 10 personar. Søstera starta og dreiv frå 1946 Storebru Landhandel og Møbelverksted.

Eigedomane etter Ola A. Eikefjord er no eigde av Arve Havn, som m.a. driv bilforretning og bensinstasjon (sjå under Albert Eikefjord).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010