Hopp til innhold
X
Innhald

Oljebyen Florø

Florø med Fjord Base nærast. Foto: Harald M. Walderhaug.

Florø med Fjord Base nærast. Foto: Harald M. Walderhaug.

Sjølv om nokre av dei største olje- og gassfelta på norsk sokkel ligg rett utanfor stovedøra, har Sogn og Fjordane fylke sakka akterut i høve til resten av Vestlandet i tevlinga om oljeretta næring. Den største oljeaktiviteten finn ein på Fjord Base på Botnaneset ved Florø. Sløvåg lengst sør i Gulen har dei siste åra fått store oppdrag for oljeindustrien, og på Lutelandet i Askvoll vert det lagt ut store industriområdet til oljeretta industri som ein vonar kan kome der i framtida.

I si ordførartid gjorde Dagfinn Hjertenes mykje for å få oljeaktivitetar i Florø. Foto: Frode Klokkernes.

I si ordførartid gjorde Dagfinn Hjertenes mykje for å få oljeaktivitetar i Florø. Foto: Frode Klokkernes.

70-tal og oljefeber

Men sjølv om ein framleis ser magre resultat av oljerikdomane i fylket, har det ikkje skorta på draumar og storfelte planar fram gjennom år: Då den første ”oljefeberen" rasa som verst midt på 1970-talet og det vart skipa lokale oljeselskap og lagt ut oljebasetomtar mest på kvart nes, var det mange som melde seg på: Gloppen skulle byggje betongplattformer i betong. Anlegga for slike kontruksjonar hamna i Hinnavågen ved Stavanger og på Veblungsnes ved Åndalsnes. I Luster hadde Akergruppen store planar om og byggje olje plattformer i stål. Desse verfta hamna i Stavanger, Verdal og på Stord. Vågsøy ville planere det gamle handelssetet Vågsberget flatt om leggje tufta ut som oljebase. I Florø baud ein ut anlegga til den nedlagde sildoljefabrikken i Gunnhildvågen til same føremålet. Då Ankerløkken-gruppa kom i krise i 1979, freista stadig skiftande direktørar på å dreie produksjonen over frå skip til oljeretta industri utan å lukkast. Også på den andre nedlagde sildoljefabrikken, Florø Sildoljefabrikk, vart det drive delproduksjon til oljeindustrien, utan at det vart varige arbeidsplassar ut av det.

Fjord Base på Botnaneset sett frå Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjord Base på Botnaneset sett frå Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oljeråd

Florø fekk sitt eige oljeråd alt i 1971. Dette var kimen til det som etter kvart vart bygd ut til eit fylkeskommunalt oljeutval. Leiaren i dette utvalet vart ein sentral person i det som seinare hende i Florø: Fylkesmann Ingvald Ulveseth var m.a. tidlegare olje- og industriminister, og hadde eit stort kontaktnett. Han spela ein nøkkelrolle i arbeidet som førde fram til at oljebasen Fjord Base på Botnaneset vart bygd, opna i 1985.

Fjord Base

På Botnaneset har det blitt etablert ei rekkje aktivitetar knytte til oljeverksemda. Mellom anna har Statoil lagt eit stort røyrlager dit.

Kart over Fjord Base. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kart over Fjord Base. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010