Hopp til innhold
X
Innhald

Osen Gard

Osen Gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Osen Gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Osen Gard i Høydalsfjorden vart i 1999 kjøpt av Hans Terje Aanonsen og bygd ut som ein eksklusiv jakt- og fiskegard.

Garden ligg ved munningen av Osenvassdraget der den disponerer ein attraktiv lakserett. I tillegg leiger garden ut jakt i 10.000 dekar utmark. I sesongen sommar og haust sysselset Osen gard sju tilsette.

Fiskeretten under Osen gard vart første gong leigd av ein laksefiskar i 1871. Det var briten Mr. Penrose som leigde fram til 1879. I åra etter leigde jarlen av Ducie Svardalselva og fiskeretten i Osen.

Fiske i Svardalselva er noko av det som lokkar gjester til Osen Gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiske i Svardalselva er noko av det som lokkar gjester til Osen Gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010