Hopp til innhold
X
Innhald

Overlegen kjøpte fallrettar

Solheimsøyra i Norddalsfjorden, omgitt av kraftressursar. Likevel fekk ikkje bygda straum før i 1951. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solheimsøyra i Norddalsfjorden, omgitt av kraftressursar. Likevel fekk ikkje bygda straum før i 1951. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fossekjøparane som sikra seg fallrettane i Osenvassdraget og Norddalsfjordvassdraget i Flora skilde seg ut frå dei andre som spekulerte i fossekjøp i Sogn og Fjordane for kring 100 år sidan. Hamneingeniøren i Bergen sikra seg Osenvassdraget, og vassdraget i Norddalsfjorden vart kjøpt av visekonsulent av Montenegro, seinare av ein sjukehusoverlege. – Men bygdene ikring desse vassdraga var nokre av dei siste som fekk elektrisk straum i fylket. Det same hende i Jostedalen i Sogn - sjå Luster kommune.

Kring 1900 kom den eksentriske Bergens-juristen og visekonsul av Montenegro (!) Hugo Mowinckel til Sandane og kjøpte fallrettar i Gloppenelva. Men han gjorde også ein god handel då han kjøpte Norddalsfjordvassdraget i Flora for 7.000 kroner.

Her, som ved andre vassdrag i fylket, gjekk det ei tid rykte om industriplanar - i Norddalsfjorden om karbidfabrikk. Kven som lanserte planane er ukjent. Lite vart realisert, og i nedgangstidene kring 1930 kjøpte overlege Johan Yttri fallrettane til det fleire mil lange vassdraget for 75.000 kroner. Han selde seinare for ein million kroner. Yttri kom til Florø i 1927 som distriktslege i Kinn og overlege ved det nye sjukehuset i byen.

Lenge etter 2. verdskrig var bygdene i Norddalen straumlause. Då bygdefolket på slutten av 1940-talet kravde utbygging av Norddalsfjordvassdraget, sette overlege Yttri seg imot. Han nekta å la Elektrisitetsforsyningskontoret få tilgang til kart og andre opplysningar om vassdraget. Det enda med at bøndene på Solheim måtte byggje eit lite småkraftverk i 1951 slik at grenda fekk mellombels straumforsyning til YFK-linene nådde fram.

Først i 1961 vart ein større del av Norddalsfjordvassdraget regulert. Då hadde Christiania Spigerverk fått hand om fallrettane, og bygde ut ved å leie vatnet saman med utbygging av Indrehusvassdraget i Bremanger.

Les meir om kraftforsyninga i Flora.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.06.2010