Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset fødd 1991 i Florø. Friidrettsutøvar. Han tok sølv i junior-NM i 2008 og bronse i nordisk landskamp same året.

Han tok bronse i senior-NM på 400 meter hekk i 2009. I innandørs-NM i 2010 vart det bronse på 200 meter, og same året tok han gull på 60 meter hekk og sølv i lengde i junior-NM innandørs. I junior-NM utandørs i 2010 tok han gull på 400 m hekk. I senior-NM same året tok han bronse på 400 m hekk.

Norsk seniormeister som 20-åring

I senior-NM i 2011 på Byrkjelo gjekk han heilt til topps på 400 m hekk.

Sletta 32 år gamal krinsrekord

I Young Diamonds Challenge i Zurich i september 2011 sprang han inn til tredjeplass og sette ny krinsrekord på 400 m hekk med tida 51.16. Den gamle rekorden på 52.0 var frå 1979 og var sett av Harald Gjengedal.

I 2012 vart han teken ut til å delta i EM i friidrett i Helsingfors, men han måtte bryte etter få meter på grunn av skade i kvalifiseringsheatet sitt.

I senior-NM 2012 tok han gull på 400 meter hekk og bronse på 200 m. På denne distansen sletta han i 2012 den 24 år gamle krinsrekorden til Atle Strandos då han sprang på 21.75 under eit stemne på Bislett.

I innandørs-NM 2013 tok han gull på 200 meter.

 Øyvind Strømmen Kjerpeset spurtar inn til gull og ny meisterskapsrekord på 400 meter hekk under friidretts-NM i 2013. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix.

Øyvind Strømmen Kjerpeset spurtar inn til gull og ny meisterskapsrekord på 400 meter hekk under friidretts-NM i 2013. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix.

Norsk rekord

Sommaren 2013 senka han den norske rekorden på 400 meter hekk to gonger, andre gongen til 49.95, og han sette ny norsk rekord på 200 meter hekk med tida 23.12. Same året vart han nummer sju på same distansen i U23-EM. I junior-NM 2013 tok han gull både på 100 meter og 200 meter. Same sesongen sette han nye krinsrekordar på 100 meter med 10.43 og på 200 meter med 20.98.

Kongepokal

Han tok gull både på 400 meter hekk på 200 meter i NM 2013. Der vart han og tildelt Kongepokalen, som den første frå Sogn og Fjordane sidan Kjellfred Weum fekk den i 1967.

I 2014 tok han gullmedalje på 60 meter og 200 meter under innandørs-NM.

Utandørssesongen 2014 vart hemma av ein skade. I EM i Zürich kom han seg ikkje vidare frå forsøksheatet på 400 m hekk. Men han tok likevel gullmedalje på 400 m hekk i NM.

Øyvind Strømmen Kjerpeset og Ezinne Okparaebo fekk Kongepokalen under friidretts-NM i 2013. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix.

Øyvind Strømmen Kjerpeset og Ezinne Okparaebo fekk Kongepokalen under friidretts-NM i 2013. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016