Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Abrahamson Steinhovden

(1778–1839) frå Høydalane. Bonde og haugianar. Han vart kjend med hans Nielsen Hauge i 1801, og vart Hauge sin tilsynsmann for «venene» i Sunnfjord.

Hauge var kjend for å få haugianarar til å gifte seg med kvarandre, og sytte og for at Steinhovden gifta seg med haugianaren Berte Løvaas frå Tiller i Trøndelag. Forkynnaren Christian Simonsen Aa (Ausevik) frå Hyen, som seinare tok familienamnet Ausevik, gjekk i teneste hjå Steinhovden. Han vart den første lekpredikaten i Nordfjord og vart kalla Nordfjord-haugianaren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008