Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Stenseth

P. Stenseth kolonial i 1959. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

P. Stenseth kolonial i 1959. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Peder Stenseth starta i 1904 trelasthandel i Florø i ei sjøbu like ved Amtskaia. I 1907 kjøpte han eit stort forretningsbygg ved Strandgata av forretningsfamilien etter A. Vasbotten. I dette bygget heldt m.a. fotograf Tonning frå Stryn til. Dessutan hadde eit par tannlegar kontor i huset, og her starta Peder Stenseth sjølv med landhandel då han gav seg med trelasthandelen på 1920-talet. Seinare starta Peder Stenseth også ei fiskematforretning i bygget.

I ”Stenseth”-bygget starta også Ole Røiseth Brende ein konfeksjonsfabrikk i mellomkrigstida. Denne vart etter 2. verdskrig flytta til ei tyskarbrakke i Havreneset.

Sønene til Peder Stenseth, Per og Hans Stenseth, delte eigedomane etter faren i 1958 slik at Hans tok over sjøbua og dreiv fiskematforretninga vidare der, medan Per tok over den store forretningsgarden ved Strandgata. Denne selde han i 1960 til forretningsmannen Olav Sande (sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande). Fiskehandelen i sjøbua dreiv Hans Stenseth til sonen Sigbjørn tok over, og han dreiv den framleis i 2007.

A. Vasbotten reiste dette forretningsbygget, men selde det i 1907 til Peder Stenseth. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. Vasbotten reiste dette forretningsbygget, men selde det i 1907 til Peder Stenseth. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2009