Hopp til innhold
X
Innhald

Per Indrehus

Per Indrehus (1937–2004) frå Hovden, busett på Bulken i Voss. Musikklærar og komponist. Hadde ein del av oppveksten i Måløy.

Per Indrehus (1937–2004) frå Hovden, busett på Bulken i Voss. Musikklærar og komponist. Hadde ein del av oppveksten i Måløy.

Utdanna ved musikklina ved Bergen lærerhøyskole. Arbeidde i mange år som leiar av musikklina ved Voss Folkehøgskule og ved musikklina ved Voss Gymnas.

Som komponist og arrangør har Indrehus m.a. sett tone til dikt av framståande lyrikarar som Jakob Sande, Olav H. Hauge og Hans Børli, og mange av songane er gjevne ut på plate med artistar som Kari Bremnes, Lars Klevstrand og Marianne Juvik Sæbø.

Indrehus tok ofte opp folketonar i komposisjonar og arrangement, og hadde i mange år eit nært samarbeid med sopranen Berit Opheim frå Bulken og spelemannen Einar Mjølsnes.

Han deltok med komposisjonar og arrangement til NRK–TV sine kjende ”Syng med oss”-program og til lokale musikkfestivalar som Vossa Jazz, Hardingtonar og Osafestivalen. Indrehus komponerte også fleire musikkspel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2010