Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Flora

Det har ikkje alltid vore like lettvint å få posten til og frå bygdene. Dette biletet er frå 1964, då isen hadde lagt seg så tjukk at MS Florøy ikkje kom seg inn til Barlingbotnen i Eikefjorden. Ekspeditør Mathias Kalsvik måtte ut på isen med postsekken på ein kjelke for å ta imot båten. Ukjend fotograf, eigar Mathias Kalsvik. © Kystmuséet/Fylkesarkivet.

Det har ikkje alltid vore like lettvint å få posten til og frå bygdene. Dette biletet er frå 1964, då isen hadde lagt seg så tjukk at MS Florøy ikkje kom seg inn til Barlingbotnen i Eikefjorden. Ekspeditør Mathias Kalsvik måtte ut på isen med postsekken på ein kjelke for å ta imot båten. Ukjend fotograf, eigar Mathias Kalsvik. © Kystmuséet/Fylkesarkivet.

Den første postruta

Det offentlege postvesenet i Noreg vart skipa i 1647, då ridande postordonnansar tok til å frakta post frå Oslo til Bergen og Trondheim.

Den trondhjemske Postvei som vart opna mellom Bergen og Trondheim i 1785, var i hovudsak ei «innlandsrute» i Sogn og Fjordane: Gulen-Leirvik-Dale-Førde-Jølster-Breim-Utvik-Faleide-Hornindal. Post til kystbygdene vart ordna tilfeldig. I Sunnfjord vart truleg posten send utover mot kysten frå Dale og Førde.

Furesund, der postskipet hadde stopp frå 1843. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Furesund, der postskipet hadde stopp frå 1843. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postdampskip

Dei første postførande dampskipa tok til å trafikkere norskekysten i 1843. Det første postdampskipet var D/S «Nordcap» som hadde poststopp ved det gamle kremmarleiet i Furesundet frå 1843. - Les meir om D/S «Nordcap» under kapitlet: Ferdsla på sjøen i Flora. Men først i 1852 fekk Furesundet status som fast poststoppestad, men då berre i sildesesongen. Samstundes vart det sett opp ei såkalla «bipostrute» som gjekk innover til Fjordane-futen, sorenskivar og andre embetsfolk som budde i Førde.

Postkontor i Florø

Postkontor i Florø

I 1856 fekk så Florelandet sitt eige postopneri: Kinn Postaabneri fekk kontor hjå eigaren av nedre Flora gard, Jens Bloch Helmers, som også vart den første poststyraren. I 1863 vart namnet endra til Florø Postaapneri.

Også sokneprest Hans Jensson Blom og tollbetjenten Claus Krohn Fisher var postopnarar i åra fram til Karen Helene Müller vart tilsett som den andre kvinnelege postmeisteren i landet i 1892. Ho hadde stillinga som postmeister i Florø i 26 år.

Huset til Karen Helene Müller låg i Torggata. Det er huset nærast på høgre sida. Huset vart rive på 1970-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Huset til Karen Helene Müller låg i Torggata. Det er huset nærast på høgre sida. Huset vart rive på 1970-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1977 fekk Florø postsorteringa for heile Fjordane, og frå 1997 postsorteringa for så godt som heile Sogn og Fjordane fylke. I 2006 vart postsorteringsentralane i Florø og Sogndal lagde ned, og Florø tapte kring 25 arbeidsplassar. Det store postbygget i Evja vart i 2001 selt til forretningsmannen Ola Drage i Førde. Postsorteringa for fylket vart flytta til terminalane i Bergen og Ålesund. I mai 2013 vart Florø Postkontor lagt ned, og all postteneste i Flora gjekk over til Post i butikk.

Kinn Postaabneri

– sjå Florø, og Nytt Kinn postopneri.

Tansøy

fekk postopneri i 1858 med handelsmann Grip som første styrar. Det heitte då Tansøen postaapneri fram til namnet vart endra i 1921 til Tansøy. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C og det vart lagt ned i 1998.

Tansøen postaapneri

– sjå Tansøy.

Batalden

fekk postopneri i 1867, men kontoret var i mange år berre ope i sildesesongen. Postopnarar var telegrafistane som då betjente fisketelegrafen (sjå Fiskeritelegrafen varsla sild) i Batalden. Batalden vart delvis betjent av postopnertiet på Kinn i åra fram til Batalden fekk fast postopneri i 1900, med Andreas A. Finnland som første styrar. Heilt frå 1930 og til kontoret vart lagt ned i 1998 var det Karstensen-familien som var postopnarar på Batalden. Dei stelte også med telefonstasjonen på øya.

Kvalstad, der postkontoret på Svanøy var frå 1870 til 1916. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvalstad, der postkontoret på Svanøy var frå 1870 til 1916. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvalstad

på Svanøy fekk postopneri i 1870 med Ole Andersen Kvalstad som første styrar. I 1916 vart adressa endra til Svanøbugten og i 1921 til Svanøybukt. Postkontoret vart lagd ned i 1998.

Svanøybukt

– sjå Kvalstad.

Skorpa

Skorpø postopneri vart opna i 1872, men var tilliks med fleire postopneri i Kinn, berre ope under vårsildfisket om vinteren. Dette sesongprega postkontoret vart truleg lagt ned i 1881. Skorpa fekk fast postopneri i 1900 med dampskipsekspeditør Henrik B. Skorpen som første styrar. Fram til 1921 var poststempelet Skorpen i Søndfjord, men vart då endra til Skorpa i Sunnfjord. I 1951 vart poststempelet endra til Sør-Skorpa. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt i 1998. Det vart også skipa eit «Skorpeide» brevhus i 1925. Brevhuset fekk adressestavinga Skorpeidet i 1933 og vart lagt ned i 1941.

Skorpø postopneri

– sjå Skorpa.

Skorpen i Søndfjord

– sjå Skorpa.

Skorpa i Sunnfjord

– sjå Skorpa.

Skorpeidet

– sjå Skorpa.

Eikefjord

fekk postopneri i 1881 med landhandlar Samson Hopen som første styrar.

Svortevik

fekk postopneri i 1887 med landhandlar og dampskipsekspeditør A. Absalonsen som første styrar. I 1893 overtok landhandlar Mads Thyvold. Fram til 1890 var poststempelet Sortevikholm. Då vart det endra til Svortevikholmen, og i 1918 til Svortevik. Kontoret vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og det vart lagt ned i 1997.

Svortevikholmen

– sjå Svortevik.

Stavang. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Stavang. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Stavang

fekk postopneri i 1891 med gardbrukar Nicolai Haave som første styrar. Poststempelet fram til 1924 var Stavang i Kinn. Då vart det endra til Stavang i Sunnfjord, og i 1975 til berre Stavang. Kontoret fekk status som postkontor C i 1977 og det vart lagt ned i 1997.

Stavang i Kinn

– sjå Stavang.

Høydalsfjord

postopneri vart opna i 1891 på Hopen. Postadressa fram til 1921 var Høidalsfjorden, og det var dampskipsekspeditør Andreas A. Hopen som var første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1970.

Høidalsfjorden

– sjå Høydalsfjord.

Nytt Kinn

postopneri vart opna i Kinnesund i 1893 med landhandlar P. Pedersen som første styrar. I 1898 vart adressa endra til Kinnesund. I 1916 vart postkontoret flytta til Rognaldsvåg og namnet endra til Rognaldsvaag. Frå 1917 stod det Rognaldsvåg på stempelet. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og kontoret vart lagt ned i 1998.

Kinnesund

– sjå Nytt Kinn.

Rognaldsvåg

– sjå Nytt Kinn.

Det nedlagde postkontoret i Rognaldsvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det nedlagde postkontoret i Rognaldsvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norddalsfjorden

fekk postopneri på Solheimsøyra i 1893 med landhandlar Peder B. Solheim som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 som postkontor C, og det vart lagt ned i 1988 og innordna under Florø. I 1924 vart det også skipa eit «Nordal brevhus». I 1933 vart adressa til dette endra til Nordalsøy. Det vart lagt ned i 1967 og innordna under Norddalsfjorden postopneri.

Nordalsøy brevhus

– sjå Norddalsfjorden.

Solheimsøyra i Norddalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solheimsøyra i Norddalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovdevåg

fekk postopneri i 1897 med dampskipsekspeditør Bernt Hovden som første styrar. Fram til 1917 vart postedressa stava Hovdevaag. Postopneriet vart lagt ned i 1995, og i 1996 vart postadressa Barekstad.

Livresund

(Leversund) fekk brevhus i 1899. Det vart omgjort til postopneri i 1911.

Barekstad.

Barekstad.

Barekstadlandet

fekk brevhus i 1900. Det heitte då Kjeitang brevhus. Det vart omgjort til Bareksten postopneri i 1902 med Didrik A. Kjeitang (Kittang) som første styrar. I 1921 vart postadressa endra til Barekstad, og i 1930 til Barekstadlandet. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C og nedlagt og innordna under Florø i 1977.

Kjeitang brevhus

– sjå Barekstadlandet.

Bareksten postopneri

– sjå Barekstadlandet.

Haukåsund

fekk brevhus i 1900. Fram til 1917 var poststempelet Haukaasund i Kind, og frå 1917 til 1929 Haukåsund i Kinn. Det fekk status som eige postopneri i 1929 med dampskipsekspeditør Peder A. Solnes som første styrar. I 1967 vart kontoret lagt ned og innordna under Florø.

Holmesund

fekk brevhus i 1905 og postopneri i 1914 med dampskipsekspeditør Samson Olsen som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1973 og overført til Eikefjord.

Uren

fekk brevhus i 1909. Brevhuset vart lagt ned i 1923.

Barlindbotn

fekk brevhus i 1914, og fekk status som postopneri i 1920 med Ludvig M. Kalsvik som første styrar. Postkontoret vart lagt ned i 1970 og innordna under Eikefjord.

Litle-Høydal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Litle-Høydal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Litle-Høydal

fekk postopneri i 1920 med dampskipsekspeditør Henrik Høidal som første styrar. Tidlegare hadde det vore eit såkalla brevhus i bygda. I 1973 vart kontoret underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1981 og innordna under Stavang.

Nyttingnes

fekk postopneri i 1920 med dampskipsekspeditør Thor Kvalstad som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 fekk det status som postkontor C, og det vart lagt ned i 1981 og innordna under Eikefjord.

Valvikhamn

fekk brevhus i 1933. Det vart lagt ned i 1971 og innordna under Tansøy.

Store-Høydal

fekk brevhus i 1946. Det vart lagt ned i 1981 og innordna under Stavang.

Klauvene

fekk brevhus i 1949. Fram til 1951 var postadressa Klauva. Det vart lagt ned i 1967 og innordna under Florø.

Klauva

– sjå Klauvene.

Askrova (til høgre) og Tansøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Askrova (til høgre) og Tansøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Askrovøyane

fekk brevhus i 1953. Det vart lagt ned i 1958.

Ausevik

fekk brevhus i 1953. Det vart lagt ned i 1981 og innordna under Stavang.

Kinn

fekk brevhus i 1962. Det vart lagt ned i 1997. – Sjå elles Florø, Nytt Kinn, Kinnesund og Rognaldsvåg.

Ragnarrud

bydel i Florø fekk postfilial i 1978. Den var lagd ned i 1991.

Over til Post i butikk

På 1990-talet starta Posten på ei omlegging der først dei minste postkontora vart lagde ned og erstatta av posttenester i butikk. Seinare kom turen til større kontor. I 2012 var det att berre fire postkontor i Sogn og Fjordane: Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal. I juni 2012 opna Stortinget for nedlegging av dei fleste av dei attverande kontora. I Sogn og Fjordane betyr det at kontora på Nordfjordeid, Florø og Sogndal blir lagde ned innan 2014. Florø postkontor vart stengt 27. mai 2013. Førde blir dermed den einaste staden med postkontor i fylket. I heile landet blir det att 30 postkontor.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.08.2013