Hopp til innhold
X
Innhald

PSWinCom AS

PSWinCom AS held til i Flora Næringshage. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

PSWinCom AS held til i Flora Næringshage. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

PSWinCom AS vart skipa i Florø i 2004 av Ivar Fartein Presttun m.fl.

Presttun utvikla i 1992 eit system for å sende tekstmeldingar over personsøkjar, og dette produktet har verksemda vidareutvikla til m.a. å ta seg av påminningar frå bedrifter til kundar, t.d. målaravlesing. PSWinCom hadde i 2007 sju tilsette. I 2011 flytta Presttun til Oslo og tok då med seg firmaet dit.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011