Hopp til innhold
X
Innhald

Råd & Regnskap Vest AS

Tore Havn starta rekneskapsbyrå i Florø i 1990. I 1994 kjøpte han selskapet Regnskapsføring AS av Jan Jeppesen og i 1997 Florø Regnskapskontor og slo dei tre selskapa saman til Råd & Regnskap Vest AS. I tillegg til hovudkontoret i Florø har firmaet avdelingar i Måløy, Bremanger, Svelgen, Eikefjord, Førde, Straume ved Bergen og i Larvik. Råd & Regnskap hadde i 2012 kring 30 tilsette, av desse 10 i Bergen.

I 2012 kjøpte Råd og Regnskap Vest rekneskapsfirkaet Arne Birkeland AS i Førde. (Sjå under Industri og næring i Førde, etablert 1996).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2012