Hopp til innhold
X
Innhald

Radiohistoria i Florø

NRK Sogn og Fjordane

Alt i 1973 vart det sett ned ei nemnd som greidde ut nærkringkasting for Flora. Kommunen søkte som den første i landet om å få starte radiosendingar som nærkringkasting, men fekk avslag.

NRK Sogn og Fjordane

hadde på 1970-1980-talet kontaktmedarbeidar i Florø. Tidlegare Sunnmørspost-journalist Edvin Helgheim var frilans reporter.

Nærradioar

Alt i 1988 vart det søkt om konsesjon for to nærradioar i Flora: "Radio 104" ved Arvid G. Larsen og "Florø Nærradio" ved Olav Ellingsen. Dei fekk konsesjon, men kom ikkje i drift.

Florø Nærradio

– sjå Nærradioar.

Radio Stabben

vart starta i 1991 som nærradio for Flora, og var i drift til 1997, då han gjekk konkurs. Redaktørar har vore:

  • Tom Baug,
  • Else Gro Omundsen,
  • Knut Magnussen
  • Sonja Bredse.
Etter konkursen i 1997 tok Radio 106,2 over, han hadde ingen faste tilsette, men vart leia av Øystein Hammerseth. Nærradioen har ikkje vore på lufta dei siste åra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010