Hopp til innhold
X
Innhald

Radiostasjonen Roska

Skaffa fluktbåt

I Breivika ved Frøysjøen hadde Linge-kararane Atle Svardal frå Florø og Fredrik Persen sett opp radiosendaren som hadde kodenamnet «Roska».
Dei to rapporterte om all fiendtleg skipstrafikk på havstykket Frøysjøen, og spela ein nøkkelrolle i dei vellukka åtaka som allierte fly og torpedobåtar gjorde mot tyske skip i Frøysjøen og Gulenfjordane på slutten av krigen.

Skaffa fluktbåt

Milorg i Sogn og Fjordane vart rulla opp i februar-mars 1945, vart Roska brukt for å skaffe fluktbåt for gruppa Milorggruppa «Snowflake» tilbake til Shetland. Den tyske marinekommandanten i Bergen sende nokre av sine beste folk med tre moderne peilebåtar til Frøysjøen for å finne sendaren som gjorde så mykje skade for dei.

Tekne av tyskarane

Tekne av tyskarane

Den 13. mars lukkast dei: Dei omringa den kamuflerte radio-hytta ved Breivik, skaut gjennom veggane og drap Atle Svardal med det same. Fredrik Persen vart teken til fange.

Les meir om krigshistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.05.2008