Hopp til innhold
X
Innhald

Rekordfangsten av sild ved Askrova

Askrova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Askrova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inntil dei to nordlandsbåtane «Sollys» og «Antonett» gjorde kjempestenget ved Svelgen påskeaftan 1948 (sjå "Den store sildefangsten i Svelgen"), så var kjempefangsten ved Askrova i Flora i 1936 den største sildefangsten gjort i Sogn og Fjordane. Verdas største sildefangst vart gjort kring 1890 i Eidsfjord i Vesterålen, der fjorden vart avstengd, og det vart salta 400.000 tønner sild.

Det lei på slutten av sildesesongen, og silda stod langt inne i fjordane. Ved Vevring og i Ålesundet i Førdefjorden vart det sett store sildeflak. Ein sundag oppdaga folk på øya Askrova at silda braut i enorme mengder på Oddefjorden, og hadde kurs mot Vallestadvågen på Askrova.

I all hast fekk notlag fram nøtene, la dei dobbelt og stengde med ei lang lekkje silda inne på Vallestadvågen. Då dei etter nokre dagar oppdaga at silda slapp unna gjennom ei undersjøisk gleppe i berget, vart det sendt ned dykkarar for å mure holet att med stein. I vekesvis vart det håva opp sild. Dei offisielle fangsttala var mellom 100.000-120.000 hektoliter sild, men folk som sjølve var med, meiner at fangsten var nærmare 200.000 hektoliter.

Dei største kjende sildekasta kring Flora og Bremanger er (kjelde Malvin Toft):

Vallestadvågen, Askrova 1936:

100.000-120.000 hl. - truleg innestengd innpå 200.000 hl.

Svelgen (Sollys/Antonett) 1948:

80.000 hl. - innestengd langt over 200.000 hl.

Førdspollen/Bremanger 1948:

80.000 hl. -fleire mindre båtlag var med.

Kvanhovden 1950:

50.000 hl. - truleg innestengd ca. 80.000 hl.

Steinset/Frøya 1950:

127.000 hl. - 12 båtlag med 140 mann var med.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010