Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Seljeseth

Rolf Seljeseth - «Tullen» (1923-2001) ifrå Florø. Kjend fotballspelar i Sogn og Fjordane, og spela på A-laget til Florø til han hadde passert 50 år.

I tillegg til Florø-laga (sjå Idrettslag i Flora, har han spela for årdalslaget Jotun. Han vart krinsmeister med old-boyslaget til Florø då han var 73 år gamal.

Seljeseth er oppphavsmann til «Tullen-prisen», som på kvart fotballkretsting vert delt ut til unge fotballtalent i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010