Hopp til innhold
X
Innhald

Rune Angell-Jacobsen

Rune Angell-Jacobsen fødd 1947 i Florø. Busett i Bjugn. Offiser i Luftforsvaret, der han var oberstløytnant då han pensjonerte seg.

Forfattar av romanane «SAS-fly kapret » (Cappelen 1978) og «Døden er hvit» (Cappelen 1980), ”En statsråds død” (Juritzen forlag 2006). Han har elles gjeve ut seriane ”Amerika” med 52 bøker og ”Sara Vakker” med 22 bøker på Schibsted forlag.

Angell-Jacobsen er ein av dei mestseljande forfattarane i Noreg med eit samla sal på over ein million bøker.

"Best Crime of the Year"

Bøkene hans er og mykje lesne som e-bøker. «Blodpenger» vart plukka ut som ei av hovudbøkene i Apple sin iBookstore i desember 2013. Boka vart også kåra til «Best Crime of the Year».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2014