Hopp til innhold
X
Innhald

Rutebåtane til Kristoffer Hovden

Kristoffer Hovden frå øya Hovden starta kring 1920 rutefart med motorbåten «Sendingen» mellom Bremanger og Bergen.

Han fylte dermed eit «hol» som stod udekt i fylkesbaatrutene: Bremangerpollen vart nemleg ein urasjonell avstikkar for dei som dei brydde seg lite om. Hovden utvida rutedrifta i 1927 med «Sendingen II», som også tok passasjerar. I Bergen var det populært å ta Hovden si «bremangerrute» nordover for å bade på Grotlesanden.

Hovden dreiv Bremangerruta fram til 2. verdskrig. Seinare vart «Sendingen II» leigd for rutefart av Fylkesbaatane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.05.2008