Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruk i Terdalen

Frå tidleg 1600-tal kjenner ein til at det har vore sagbruk i Terdalen, som ligg på Nordsida av Nordalsfjorden.

Frå tidleg 1600-tal kjenner ein til at det har vore sagbruk i Terdalen, som ligg på Nordsida av Nordalsfjorden.

Oppgangssaga i Terdalen fekk m.a. sagtømmer frå skogane til Svanøy-godset. Terdalssaga var i bruk ei god stund etter 2. verdskrig, dei siste åra med elektrisk drift.

I 2003 vart saga og resten av vassbruksanlegget i Terdalen, med stampe, kvern, dammar og vassrenner, opna som museum etter ei større restaurering.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011