Hopp til innhold
X
Innhald

Salomonsens Hotell

Salomonsens hotell heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Salomonsens hotell heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Salomonsens Hotell i Florø vart bygt i 1881 av Tomasine Salomonsen, som dreiv hotellet til ho døydde i 1913. Dei neste 10 åra vart det drive av kjøpmann Leif Sandahl, som eigde huset.

Frå 1923 og fram til 1931 vart det m.a. drive av ”frøken” Sørbotten fram til 1931 som sjølvstendig hotell under namnet Florø Hotell.

Frå 1931 og fram til andre verdskrig vart det leigt av Victoria Hotell som tilleggsrom til deira eige hotell.

Etter krigen dreiv Henrik Hellesen hotell i huset fram til 1948, då Signe Hatlem (sjå Signe Hatlem, Mode-Manufaktur-Konfeksjon) og ektemaken kjøpte bygget og flytta mote- og manufakturforretningane sine dit.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2009