Hopp til innhold
X
Innhald

Severin (Seehusen) de Svanenhielm

Severin (Seehusen) de Svanenhielm d. 1726, frå Bergen. Stiftsamtsskrivar i Bergen 1711 under namnet Severin Seehusen. Han hadde også same embete i Stavanger og Nordlandene.

Tilhøyrde ei av dei rikaste borgar-familiene i byen, og eigde m.a. den kjende eigedomen Damsgaard i Laksevåg ved Bergen.

I 1719 kjøpte Seehusen Svanøy-godset for å verte adla, og i 1720 vert han adla under namnet de Svanenhielm. Etter økonomisk ruin i 1724, vart ein stor del av gardane til Svanøy-godset selde på auksjon . Mange av gardane vart selde til brukarane, og bøndene vart dermed sjølveigarar.

Svanøy kom seinare tilbake til slekta ved Morten Svanenhielm.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008