Hopp til innhold
X
Innhald

Signe Hatlem, Mode-Manufaktur-Konfeksjon

Frå 1948 heldt Signe Hatlem til i det tidlegare Salomonsens Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1948 heldt Signe Hatlem til i det tidlegare Salomonsens Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Signe Hatlem starta manufaktur- og moteforretning i Florø i 1925 under firmanamnet Signe Hatlem, Mode–Manufaktur–Konfeksjon. Ho var utdanna hattemakar og forma dei flottaste damehattar på bestilling. - Les også under Vågsøy kommune om hattemakar Hanna Lefdal i artikkelen: Forretningsfamilien Lefdal i Måløy.

I 1948 kjøpte Signe Hatlem og ektemaken Aage Mørkhøi det tidlegare Salomonsens Hotell og flytta forretninga dit. Signe Hatlem dreiv butikken til byrjinga av 1950-talet.

I 1954 vart også Mørkhøi’s Herreekvipering som Aage Mørkhøi dreiv i Strandgata, flytta over i det tidlegare hotellbygget. Signe sin son, Asbjørn Hatlem, dreiv i nokre år radioforretning i hotellbygget før det vart omgjort til husvære.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2009