Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Nybø A/S

Sigurd Nybø A/S vart skipa 1945 av Sigurd Nybø, og var den første engrosforretninga i Sogn og Fjordane. (sjå også Per A. Haavik grossist- og agenturforretning i Eid, grunnlagt 1946).

Sigurd Nybø hadde hatt eit mangfaldig yrkesliv bak seg som avisredaktør, kontormann og bakar før han starta som matvaregrossist. Han leigde først, men bygde seinare stort anlegg i Hesteneset. med nothenge og -bakring.

I 1947 bygde Nybø eige kaffibrenneri. Ved eit makeskifte med kommunen bygde han i 1968 nytt lager-og forretningsbygg like ved Fugleskjærskaia. Dette vart seinare mykje utvida. På same vis som Haavik på Nordfjordeid, måtte Nybø gje seg som matevaregrossist i tevling mot dei nye kjedane. Forretningsbygget er no leigd ut til kontor, butikkar, ølutsal og restaurant.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.06.2008