Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Nybø

Sigurd Nybø (1913-1997) frå Florø. Forretningsmann og matvaregrossist. Han arbeidde først i faren si bakarforretning før han ei tid var redaktør av avisa «Fylkestidende» fram til han la ned arbeidet i 1942 etter konflikter med tyskarane.

Nybø starta i 1945 som matvaregrossist, og var saman med Per A. Haavik på Nordfjordeid dei einaste lokale matvaregrossistane i fylket (Per A. Haavik grossist- og agenturforretning).

Sigurd Nybø A/S - sjå Grosserar Sigurd Nybø heldt først til i leigde lokale, deretter i eigne bygningar i Hesteneset, der det i sildaåra på 1950-talet var nothengjer og bøteri. Etter makebyte med kommunen i 1968 bygde Nybø nytt stort lagerbygg ved Fugleskjærskaia.

Etter at grossistforretninga vart lagt ned, er bygget m.a. utleid til kjøpesenter og ølutsal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.03.2010