Hopp til innhold
X
Innhald

Sildeeventyret i Flora på 1950-talet

Det største sildefisket i verda gjekk føre seg på Vestlandskysten i åra frå 1945 til 1957. Senter for dette eventyrlege fisket var Florø og Måløy.

I toppåret 1956 vart det ført iland 12,3 millionar hektoliter. På 12 år vart det fiska opp 105 millionar hektoliter storsild. Senter for dette eventyrlege fisket var Florø og Måløy.

I Florø vart det på eitt døgn lossa 340.000 hektoliter frå 227 snurparar, og stor-året 1956 tok Florø imot 27,5 % av totalfangsten. Då det rike sildefisket starta etter krigen, vart mottakskapasiteten i Florø på få år mangedobla - ikkje minst ved bygging av sildeoljefabrikken til Sildefiskernes Fabrikklag (SILFAS) i Gunhildvågen i 1952.

Sildeeventyret slutt i 1959

Også Florø Sildoljefabrikk ved kanalen vart sterkt utvida. Florø Sildepakke-gruppe sytte for to losjiskip som husa lossarar og budarbeidarar i sesongen, og næringslivet i byen opplevde gyldne tider når fiskarar i tusental fylte gatene etter dagens fiske. Skipshandlarar og slippar hadde hendene fulle, og butikkane var døgnopne. På nytt opplevde Florø og omlandet ei enorm innflytting, og folketalet vart dobla.

Sildeeventyret slutt i 1959

Det første varselet om at sildeeventyret gjekk mot slutten fekk ein for alvor i 1958, og før det var gått to år var det mest svart hav. Sildoljefabrikkar og saltebuer greidde seg vidare med sild og makrell frå Island og Nordsjøen. Men i motsetnad til Måløy, satsa Florø-folket sjølve lite på utvikling av nye fiskeri og bygging av nye fiskebåtar. Grunnen til denne forskjellen mellom Måløy og Florø var mykje å finne i at Florø no hadde fått ei anna stor hjørnesteinbedrift som heldt liv i bysamfunnet:

Går det så går det. Ein båt frå Troms på veg mot Florø søkklasta med sild ein gong på 1950-talet. I sørvest ser vi profilen til Alden. Foto: Kåre Botnmark. © Fylkesarkivet.

Går det så går det. Ein båt frå Troms på veg mot Florø søkklasta med sild ein gong på 1950-talet. I sørvest ser vi profilen til Alden. Foto: Kåre Botnmark. © Fylkesarkivet.

Ankerløkken Verft. Hamar-mannen Ole E. Aaserud starta eit mekanisk verksted i Florø 1949, og la om til bygging av fiskebåtar i 1952. På få år voks Ankerløkken-verftet i Florø til å verte den største arbeidsplassen på kysten med fleire hundre tilsette.

Måløyværingane bles liv i «sildebyen»

Det måtte eit par måløyværingar til for å vekkje den gamle «sildebyen» Florø til nytt liv som fiskeriby: På slutten av 1960-talet leigde Jon Skaar jr. i Skaar & Co. Florø Kjølelager sitt anlegg på Fugleskjerkaia. Han sende øvde budafolk frå Måløy til Florø som arbeidsformenn og starta mottak av sild og makrell.

Skaar kjøpte fryseriet i 1978, samstundes med at sonen Harald Skaar vart leiar for det som no heitte Skaarfish. I 1988 bygde Skaarfish stort anlegg i Gunnhildvågen, og bygde seg opp til å verte den største lakseeksportøren i verda, med milliardomsetning i 1991. To år seinare gjekk Skaarfish over ende. Etter eit kort intermesso med Kjell Inge Røkke, tok nye måløyværingar over i Gunhildvågen; først Global Fish med brørne Jan Otto Hoddevik og Geir Robin Hoddevik, og etter fusjon kom Pan Fish-gruppa med Arne Nore frå Bryggja som eigarar. Avdelinga for laks vart teken over av Gudmun Strømsnes.

Den andre måløyværingen ved sida av Skaar som gjenreiste Florø som fiskeriby, var Knut Domstein. I 1988 kjøpte han hermetikkfabrikken til Norway Seafoods, som stengde i 1987. Anlegget vart bygd om til eit av landets største slakteri og mottaksanlegg for laks under namnet Florø fiskeindustri AS.

Sildebordet i Florø. Foto: NRK.

Sildebordet i Florø. Foto: NRK.

I 2005 kjøpte Ole Johan Eilertsen saman med andre tilsette lakseslakteriet og gav det namnet Slakteriet AS. Eilertsen eig 60 prosent av aksjane i selskapet.

I 2006 selde Pan Fish slakteriet i Instefjorden i Gulen kommune til Slakteriet AS. Instefjord-anlegget vart eige selskap med namnet Slakteriet Brekke AS.

Sildebordet

Flora kommune har teke vare på dei gamle sildetradisjonane m.a. med å overta det gamle byvåpenet til Florø by som kommunevåpen for storkommunen. Kvar sommar sidan slutten av 1980-talet har handelsstanden i Florø markert Florø som ”sildeby” ved å dekke "verdas lengste sildebord" i Strandgata kva i tilknyting til Kinnaspelet. På langbordet kan kven som vil, forsyne seg med "nubbesild" – det er det lokale namnet for tørrsild.

Under sildebordet i 2013 vart ein skulptur laga av Hjalmar Lothe – «Sildestimen» - avduka ved Horne Brygge.

Frå avdukinga av skulpturen Sildestimen i 2013. Til høgre ordførar Bengt Solheim-Olsen. Foto: Truls Kleiven.

Frå avdukinga av skulpturen Sildestimen i 2013. Til høgre ordførar Bengt Solheim-Olsen. Foto: Truls Kleiven.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2017