Hopp til innhold
X
Innhald

Sildoljefabrikkane

Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen. I dag er anlegget overteke av fiskeforfabrikken EWOS.

Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen. I dag er anlegget overteke av fiskeforfabrikken EWOS.

Etter initiativ frå ingeniør Hans Andreas Hartner frå Oslo og sildevrakar i Florø, Andreas Trovik, vart den første sildoljefabrikken i Sogn og Fjordane bygd i Florø i 1910, A/S Florø Olje- og Fiskemelfabrikk.

Abraham Haave hadde også ein finger med her. Florø Sildoljefabrikk, som den seinare vart kalla, låg ved Kanalen der symjeanlegget «Havhesten» ligg i dag. Ei dampmaskin sytte for trekkrafta til maskinene. Bergensfirmaet Johan C. Martens kom under 1. verdskrig inn som 50 % eigarar. Abraham Haave og disponenten Gregorius Haus frå Bremanger eigde 25 % kvar.

Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen. I dag er anlegget overteke av fiskeforfabrikken EWOS.

Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen. I dag er anlegget overteke av fiskeforfabrikken EWOS.

Etter økonomiske vanskar i 1927, overtok Oslo-firmaet Nordstrand og Kjølberg, men i 1929 vart disponent Gregorius Haus eineeigar. Sonen Kjeld Haus overtok då faren døydde i 1945. I dei store sildeåra på 1950-talet hadde fabrikken 50 mann i arbeid. I 1966 vart fabrikken seld til Jakobsen-familien i Tromsø, og vart nedlagd i 1974. Hans Bie med si verksemd Florø Stål dreiv nokre år i lokala.

I 1911 bygde Johan Larsen Kinn Sildolje-, Kraftfoder- og Guanofabrikk i Årebrot nord for Florø. Larsen hadde tidlegare drive fargeri på Årebrot. Men trass i det omfattande firmanamnet, vart det mindre med fabrikkdrifta. Larsen starta med fiskemjøl, men måtte gje seg før han kom i gang med sildoljeproduksjon. I 1933 kjøpte Bergens-advokaten Brønlund-Iversen eigedomen, men selde i 1939 vidare til Måløy-mannen Johan Gotteberg, som flytta maskinene over til fabrikkane sine i Måløy.

A/S Florø Olje- og Fiskemelfabrikk brukte annonser i avisene for å få fiskarane til å levere sild til fabrikken ved Kanalen.

A/S Florø Olje- og Fiskemelfabrikk brukte annonser i avisene for å få fiskarane til å levere sild til fabrikken ved Kanalen.

Men litt av maskinene hamna på Barekstad, der Georg Gregoriussen starta ein liten sildoljefabrikk då øya fekk elektrisk straum i 1956. Han hadde bygd stor sjøbu i 1917 og dreiv fiskemottak og trandamperi. Fabrikken vart nedlagd i 1984.

Medan Måløy gradvis gjekk over til andre fiskeslag som pigghå og bankfisk i mellomkrigstida, var Florø framleis «sildebyen». Men mangel på sildeoljefabrikkar gjorde at mykje av silda vart ført sørover til fabrikkar i Hordaland og Rogaland til foredling.

I 1952 bygde Sildefiskernes Fabrikklag stor sildeoljefabrikk i Gunhildvågen. Denne tok imot 80.000 hektoliter i døgnet, og 10 båtar kunne losse samstundes. I toppsesongane på 1950-talet hadde fabrikken 220 personar i arbeid. Då vintersilda tok slutt i 1959, gjekk denne og andre sildoljefabrikkar over på sild og makrell frå Nordsjøen. Anna råstoff var såkalla «skitfisk» (tobis, øyepål) frå Nordsjøen, og lodde frå Barentshavet. Fabrikken i Gunhildvågen vart lagt ned i 1981.

Etter 10 år med m.a. mekaniske verkstader i lokala, kjøpte eit finsk selskap anlegget og bygde opp den store Fiskefôrfabrikken EWOS, som har 120 tilsette.

EWOS har overteke anlegget til Sildefiskernes Fabrikklag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

EWOS har overteke anlegget til Sildefiskernes Fabrikklag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010