Hopp til innhold
X
Innhald

Skaarfish

Skaarfish - eller Skaar & Co som det heitte i starten, etablerte seg på Fugleskjerkaia i Florø sist på 1960-talet. Det Måløy-baserte fiskefirmaet leigde dei første åra Florø Kjølelager, og kjøpte anlegget i 1978.

Harald Skaar bygde dei neste 10 åra opp Skaarfish til eit av dei største lakseeksportfirma i verda. I 1987 flytta firmaet til nytt produksjonsanlegg i Gunhildvågen, og omsetninga kom opp i 639 millionar kroner i 1988. I 1991 passerte årsomsetninga milliarden.

Lakseberg og krise

Lakseberg og krise

I 1993 førde stor overproduksjon til krise i oppdrettsnæringa med massekonkursar som resultat. Skaarfish kom i økonomiske vanskar, og måtte selje det moderne anlegget i Gunnhildvågen til finansmannen Kjell Inge Røkke og hans selskap Norway Seafoods. Harald Skaar etablerte seg som fiskemeklar i London og vart sidan eigar av ein stor aksjepost i det verdsomspennande oppdrettsselskapet Pan Fish.

Gunhildvåg-anlegga vart delte

I 1995 vart drifta i Gunnhildvågen teken over av to nye selskap: Lakseoppdrettaren Gudmun Strømsnes ( sjå denne) kjøpte laksedelen, og Global Fish med brørne Hoddevik frå Måløy kjøpte anlegget som foredlar sild og makrell. Global Fish gjekk seinare inn i Pan Fish.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011