Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Flora

Intens konsentrasjon over reknebøkene på Hovden skule i 1951. Foto: Asbjørn Nybø. Eigar: Lundgren/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Intens konsentrasjon over reknebøkene på Hovden skule i 1951. Foto: Asbjørn Nybø. Eigar: Lundgren/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Herregarden på Svanøy husa den første husmorskulen i Sogn og Fjordane i seks år før den vart flytta til Kroken, men det er nok mindre kjent at den første ”lærarskulen” i fylket kunne ha kome i gang på Svanøy alt i 1817. Amtsskulen for Sunnfjord vart plassert i Florø i 1877, og Fiskarfagskulen i 1922. Men byen måtte stri lenge for å få eige gymnas. Det vart først opna i 1967.

Skulehuset på Kinn på 1920-talet. Lærar Sofie Indrebø er personen i midten. © Fylkesarkivet.

Skulehuset på Kinn på 1920-talet. Lærar Sofie Indrebø er personen i midten. © Fylkesarkivet.

Lærarskule på Svanøy?

Kring 1817 sysla eigaren av Svanøy hovudgard, Ole Torjusson Svanøe (sjå denne) med planar om å starte ein ”lærarskule” for unge gutar på Svanøy.

Florø barneskule

Første skulehuset for fastskule i Florø vart bygd i 1866.

Amtsskulen i Florø

I 1875 vedtok fylkestinget å skipe amtsskular, og Florø fekk ein slik i 1877.

I hovudbygningen på Svanøy var det husmorskule i seks år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I hovudbygningen på Svanøy var det husmorskule i seks år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husmorskulen på Svanøy

Den første husmorskulen i fylket vart starta i Holmedal i 1877 (sjå Skular i Askvoll). Etter strid med privatpersonen som dreiv skulen, vart skulehaldet lyst ut på tilbod. Proprietær Ole T. Svanøe fekk tilslaget, og skulen heldt til på herregarden frå 1891 til 1897. Då vart han flytta til Kroken i Luster (sjå Luster kommune), fordi Ole Svanøe ikkje ville utvide skulebygget, slik fylket kravde. I tida skulen heldt til i Holmedal og Svanøy, gjekk det 349 elevar ved husmorskulen.

Florø ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK

Florø ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK

Middelskule, realskule og ungdomsskule

I 1899 vart det starta middelskule i Florø. Skulen var eigd av kommunen og private, og apotekar J.W. Flood vart tilsett som styrar. Skulen vart tre-årig realskule i 1930. Realskulen hadde tre realskuleklassar og to framhaldsskuleklassar.

Realskulen og framhaldskulen vart avløyst av ungdomsskule i 1970. I staden for internat, satsa Flora kommune på ei omfattande skuleskyssordning med hurtigbåtar til øyane. Brødrene Aa i Hyen i Hyen bygde dei fleste båtane, som også fungerte som bygderuter til byen. I tillegg til Florø, er det eigen ungdomsskule i Eikefjord. Ved Solheim skule i Norddalsfjorden var det ungdomsskule til og med skuleåret 2009/2010. Då vart elevane flytta over til Florø Ungdomsskule.

Eikefjord skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eikefjord skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Målskulen

Flora mållag vart skipa 1911 og dreiv kveldssskule -«målskulen» - frå 1911 til 1913. Skulen hadde undervisning i nynorsk og engelsk og hadde 20 elevar.

Undervisning på Årebrot skule. <br> Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Undervisning på Årebrot skule.
Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Fiskarfagskulen i Florø

Fiskarfagskulen/fylkesskulen, vart skipa i 1921 etter initiativ frå organisasjonsmannen og Venstre-politikaren Magnus Seim.

Florø Merkantile Forenings Handelsskule

vart skipa i 1935 av den lokale handelsforeninga. Skulen vart dei første åra driven som kveldsskule. Seinare stortingsmann og ordførar Ludvig Olai Botnen var mellom styrarane ved handelsskulen, som gjekk inn i Flora vidaregåande skule i 1976 (Flora gymnas).

Flora lærlingeskule

vart starta i 1956 med 22 elevar i første kullet. Skulen var treårig, og Hjalmar Nordal var styrar. I dei åra skulen var i drift, vart den driven som kveldsundervisning.

Flora gymnas

Flora gymnas vart skipa i fylkeskommunal regi i 1967.

Flora vidaregåande skule

- sjå Flora gymnas.

Flora kulturskule

vart skipa i 1989. I 2009 hadde skulen 630 elevar og 13 tilsette.

Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter

i Eikefjord vart frå 1988 til 2008 driven av pinserørsla i Norge som eit rehabiliterings-og utdaningssenter for unge rusmisbrukarar.

Undervisning for asylsøkjarar

I samband med asylmottaket på Solbakken er det sett i gang grunnskuleundervisning for innvandrarar og asylsøkjarar. Språkundervisning for asylsøkjarar og innvandrarar finst i 2002 også i Førde, Gloppen, Stryn, Sogndal og Aurland.

22. august 2013 kunne studiekoordinator Øyvind Østrem ynskje 34 studentar velkomne til ingeniørutdanning i Florø. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

22. august 2013 kunne studiekoordinator Øyvind Østrem ynskje 34 studentar velkomne til ingeniørutdanning i Florø. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Ingeniørutdanning

I 2012 vart det avgjort at det skal startast ei utdanning av subseaingeniørar i Florø frå hausten 2013. Dette er ei utdanning innan undervassteknologi med tanke på utvinning av olje og gass på havbotnen. Utdanninga kom i gang med 34 studentar i august 2013. Det er Høgskulen i Bergen, Folkeuniversitetet på Vestlandet og Fram Flora som står bak planane. Skulen held til i Florø Idrettssenter.

Askrova skule vart lagd ned i 2006. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Askrova skule vart lagd ned i 2006. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommunale skular i dag:

(Tal frå 2001)

Svanøy skule, som til liks med alle øyskulane i Flora no er lagd ned.

Svanøy skule, som til liks med alle øyskulane i Flora no er lagd ned.

  • Askrova (1.-7. klasse) 16 elevar. Askrova skule vart lagd ned i 2006.
  • Batalden (1.-7. klasse) 12 elevar. I 2010 vedtok Flora bystyre å leggje ned Batalden skule.
  • Brandsøy (1.-7. klasse) 69 elevar
  • Eikefjord (1.-10. klasse) 158 elevar
  • Flora ungdomsskule (8.-10. klasse) 402 elevar
  • Florø barneskule (1.-7. klasse) 487 elevar
  • Krokane (1.-7. klasse) 230 elevar
  • Rognaldsvåg (1.-7. klasse) 14 elevar. I 2008 vedtok Flora bystyre å legge ned Rognaldsvåg skule.
  • Solheim (1.-10. klasse) 32 elevar
  • Standal (1.-7. klasse) 28 elevar. I 2011 vedtok Flora bystyre å legge ned Standal skule.
  • Stavang skule vart lagd ned på 2000-talet, men i 2011 vart skulen opna att samstundes med at Standal skule vart lagd ned.
  • Steinhovden (1.-7. klasse) 27 elevar
  • Svanøy (1.-7. klasse) 15 elevar. Svanøy skule vart lagd ned i 2008.
  • Torvmyrane (1.-7. klasse) 191 elevar
  • Årebrot (1.-7. klasse) 17 elevar. I 2010 vedtok Flora bystyre å leggje ned Årebrot skule, men Bremanger kommune vurderer å overta skulen.
  • Standal skule, som Flora bystyre vedtok å legge ned i 2011. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Standal skule, som Flora bystyre vedtok å legge ned i 2011. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Åtte barneskular att i 2011

    Etter ein omfattande prosess med skulenedleggingar står Flora frå hausten 2011 att med desse barneskulane:

    • Florø barneskole
    • Krokane skule
    • Torvmyrane skule
    • Eikefjord skule
    • Solheim skule i Norddalsfjord
    • Steinhovden skule
    • Stavang skule
    • Florø barneskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Florø barneskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Krokane skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Krokane skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Solheim skule i Norddalsfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Solheim skule i Norddalsfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.08.2013