Hopp til innhold
X
Innhald

Skysskifta Furesund, Hellevik og Kinnasundet

Furesundet i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Furesundet i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skysskiftet i Furesundet

Furesundet ved Florø og Hellevik ved Stavang og Kinnasundet i ytre lei var frå gamalt av dei viktigaste trafikknutepunkta i Flora kommune.

I Furesundet og Hellevik har det vore skysskifte og gjestgiveri frå 1600-talet. Skysskaffarane i Furesundet og Hellevik hadde plikt på seg til å skaffe rorskarar når embetsfolk skulle skyssast langs kysten eller innover Sunnfjord. Dei næraste skysskifta var Smørhamn i nord, Sauesund på Atløy og Tingneset i Vevring.

I Furesundet overnatta kong Christian VI under norgesreisa si i 1733. Gjennom mykje av 1700- og 1800-talet var det handelsmenn frå Bergen som åtte Furesundet. Frå 1847 til 1891 dreiv kjøpmann H.M. Dahl i Furesundet, og avvikla då brennevinshandelen. Dahl vart siste handelsmann i Furesundet. Då dei første dampskipsrutene med post tok til å trafikkere Bergen-Trondheim, vart skipa ekspederte ved Furesundet ved bording frå robåt. H.M. Dahl vart siste handelsmannen ved Furesundet. Våningshus, eldhus og fleire sjøbuer frå 1700-talet stod intakte i Furesundet fram til september 2010. Då brann våningshuset og eldhuset ned til grunnen.

Brannen i Furesundet natt til 9. september 2010. Foto: Frank Tangen/Floranett.no.

Brannen i Furesundet natt til 9. september 2010. Foto: Frank Tangen/Floranett.no.

Skysskiftet Hellevik ved Stavang

Det gamle skysskiftet og gjestgiveriet Hellevik låg i Stongasundet mellom Stavøya og fastlandet. Dei fleste av dei 10 bygningane er no borte. Hovudhuset vart øydelagt sist på 1980-talet. Den første kjende gjestgjevaren er Albert Pederson i 1682. Frå 1750 overtok Ludvig Martens, og Hellevik var i denne slekta si eige til 1891. Då var det også slutt på handelsverksemda og gjestgiveriet.

Hellevik før hovudbygningen vart øydelagd. Foto: Erik Solheim.

Hellevik før hovudbygningen vart øydelagd. Foto: Erik Solheim.

Skysskiftet i Kinnasundet

Ved den ytre kystleia låg handelsstaden og skysskiftet i Kinnasundet. Skysskiftet spela ei sentral rolle som knutepunkt for samalferdsla under dei store sildefiskeria som gjekk føre seg kring kring øyane i ytre Sunnfjord frå slutten av 1700-talet og fram mot 1870. På skysstasjonane i Flora, som elles langs kysten, hadde skysskaffaren på staden ombodet med å kalle inn rorskarar til den forhatte plikttenesta: Same kva folk stod med i hendene, måtte dei sleppe alt heime for å oppfylle rors- eller hesteskyssplikta. Arbeidet som kysskar var uløna. Denne skyssplikta for statens og kyrkja sine menn varde heilt fram til 1816.

Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.09.2010