Hopp til innhold
X
Innhald

Slakteriet AS

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2005 kjøpte Ole Johan Eilertsen saman med andre tilsette lakseslakteriet til Domstein-konsernet sitt Florø Fiskeindustri A/S i Hesteneset. Dette var den tidlegare hermetikkfabrikken som hadde vorte driven av Chr. Bjelland og seinare av Norway Foods fram til 1987.

Ved eigarskiftet i 2005 fekk lakseslakteriet namnet Slakteriet AS. Eilertsen eig 60 prosent av aksjane i selskapet.

I 2006 selde Pan Fish slakteriet i Instefjorden i Gulen kommune, tidlegare eigd av Aqua Farm, til Slakteriet AS. Instefjord-anlegget vart eige selskap med namnet Slakteriet Brekke AS.

I 2010 investerte Slakteriet AS 40 millionar kroner i heilautomatisering av slaktelina og planla ein ny fileteringsfabrikk. I 2010 sysselset verksemda 75 personar i Florø og 40 i Brekke.

Slakteriet AS held til i den tidlegare hermetikkfabrikken i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slakteriet AS held til i den tidlegare hermetikkfabrikken i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.06.2010