Hopp til innhold
X
Innhald

Solbakken

Hovudbygningen på Solbakken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudbygningen på Solbakken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solbakken arbeids- og sjukeheim vart bygd i 1961 som den første spesialskulen for psykisk handikappa i Sogn og Fjordane. Florø Sanitetsforening med Laura Sundal Skorpen i spissen stod sentralt i arbeidet med å få reist heimen.

Solbakken hadde klientar frå heile fylket. Eit gamalt skulehus i Eikefjord vart brukt som hytte for bebuarane på Solbakken.

Med HVPU-reformen på 1980-talet vart Solbakken avvikla og bebuarane tekne hand om av heimekommunen. Bygningane har sidan vore brukte til asylmottak.

Solbakken har dei siste åra vore asylmottak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solbakken har dei siste åra vore asylmottak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010