Hopp til innhold
X
Innhald

Solheim Diesel

Solheim Diesel i Håvågen i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solheim Diesel i Håvågen i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solheim Diesel vart starta i 1988 av Peder Solheim i dei tidlegare lokala til grossisten Sigurd Nybø i Håvågen i Havreneset. Verksemda driv sal og reparasjon av fritidsbåtar og sel båtutstyr og drivstoff.

Peder Solheim selde verksemda til Arne Batalden, Norvald Blom og Vidar Tansøy, og sidan har andre eigarar kome inn.

I 2011 gjekk Solheim Diesel saman med Nor Marine på Nordfjordeid og etablerte firmaet SD Marine AS, som skal vidare føre aktivitetane på Nordfjordeid. Samstundes flytta Solheim Diesel salslokala sine i Florø frå Håvågen til Fugleskjerskaia.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.02.2011