Hopp til innhold
X
Innhald

Søndfjords Avis

Søndfjords Avis vart skipa 1898 som organ for Venstre. Avisa vart rekna som radikal, og gjekk m.a. inn for at Noreg skulle verte republikk.

Desse synsmåtane var tydeleg lite populære, for lesarkrinsen minka og avisa gjekk inn i 1909. Same året flytta ei anna venstreavis, Nordre Bergenhus Folkeblad, frå Askvoll til Florø - (sjå Firda Folkeblad).

Redaktørar

i Søndfjord Avis har vore:

  • Elias Pedersen 1898-1903,
  • M. Vanberg 1903-1905,
  • O. Joh. Vasbotten 1905-1909
  • Olaf Rangsæter 1909.
O. Joh. Vasbotten var sakførar i Florø frå 1902 og vart ordførar i 1908. I 1909 vart han tilsett på Stortingets kontor der han vart kontorsjef 1920-1942.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.03.2010