Hopp til innhold
X
Innhald

Sparebanken Flora-Bremanger

Sparebanken Flora-Bremanger i Svelgen i 2003. No er banken ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sparebanken Flora-Bremanger i Svelgen i 2003. No er banken ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sparebanken Flora-Bremanger vart skipa i 1971 ved samanslåing av Kinns Sparebank og Bremanger Sparebank.

Banken hadde hovudkontor i Florø og avdelingar i Kalvåg, Bremanger, Svelgen og Eikefjord. I år 2000 hadde sparebanken ein forvaltningskapital på 2,1 milliardar kroner, og 42 tilsette.

Sparebanken tok i bruk nytt forretningsbygg i Florø sentrum i 1985.

Etter økonomiske problem og store tap som fylgje av krise i oppdrettsnæringa, vart Sparebanken Flora-Bremanger slegen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane hausten 2003.

Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.04.2010