Hopp til innhold
X
Innhald

Stavøstrand Sjøpakhuse og Kai

Gustav Stavøstrand starta i 1900 med handel av sild og fisk i Florø. Då forretningsmannen Severin Bloch Helmers døydde i 1904 tok Stavøstrand over eigedomane. Han bygde stor kai, eigde i tillegg andre sjøbuer i Florø, og hadde eiga saltebu på Tansøy. Han kalla firmaet G. Stavøstrand Sjøpakhuse og Kai.

Stavøstrand dreiv også fiskedampskipet "Alden", og med lekter på slep reiste han til Lofoten på fiskeoppkjøp. Klippfisken vart tilverka på berga i Florø. Stavøstrand brukte også drivgarn etter sild i Nordsjøen. Stavøstrand døydde i 1914, og forretninga vart lagd ned.

I 1920 tok Abraham Haave over eigedomane etter Stavøstrand i Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011