Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Karlsen

Steinar Karlsen. Foto: David Zadig.

Steinar Karlsen. Foto: David Zadig.

Steinar Karlsen fødd 1979 i Eikefjord, busett i Arna ved Bergen. Musikar. Han gjekk på musikklina ved Firda vidaregåande skule på Sandane og vart gitarist i gruppa Hot Little Mama, som gav ut albuma ”Let`s have a natural ball” (2000) og ”Shimmy” (2001).

Frå 2003 har han vore gitarist i gruppa Good Time Charlie (sjå Arle Hjelmeland) og var med på albuma ”It´s Alright” (2005) og ”Mojo Energy” (2008).

I 2011 gav han ut soloalbumet ”Ulydium” – ei rein instrumentalplate.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016