Hopp til innhold
X
Innhald

Straumløyse og småkraftverk

I lang tid var det berre dei sentrale strok av dei øy- og fjordrike kommunane i ytre Sunnfjord som fekk straum frå Ålfotselskapet, seinare Ytre Fjordane Kraftlag - YFK.

Så seint som i 1947 var det registrert nærare 3.000 menneske utan elektrisk straumforsyning i dei to kommunane Kinn og Bru. For Bru utgjorde dette 2/3 av heile kommunen!

Difor vart det på 1930- og 1940-talet bygd ei mengd private kraftverk. I påvente av sjøkabel frå YFK, vart det i 1948 planlagt lokale aksjelag både på Barekstad, Batalden, Tansøy og Rognaldsvåg som skulle byggje kraftlinjer og produsere straum med dieselaggregat. I Flora var det mange som freista å produsere straum med små vindmøller i åra kring 2. verdskrig. I Sogn og Fjordane var det registrert 36 slike, 25 av dei i Flora og Solund.

Kraft frå Sagefossen

På Solheim i Norddalsfjorden vart det i 1951 opna eit lite kraftverk under Sagefossen, som renn ned i Solheimsvatnet. Dette kraftverket forsynte 10-12 bruk med elektrisk kraft fram til 1963, då folk i Norddalsfjorden fekk kraft frå Ytre Fjordane Kraftlag. Under Sagefossen hadde det tidlegare vore fleire sager som nytta vasskrafta frå fossefallet.

Kraftverket ved Sagefossen gav folk på Solheim lys og varme i 12 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftverket ved Sagefossen gav folk på Solheim lys og varme i 12 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir om: Kraftforsyninga i Flora.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010