Hopp til innhold
X
Innhald

Svanøy-godset

Svanøy-godset, gods på øya Svanøy i Flora kommune. Den grøderike og skogkledde øya ligg ytst i Førdefjorden. Gjennom meir enn tusen år har øya vore sete for dei mektigaste mennene i Fjordane

Svanøy, ytst i Førdefjorden, er uvanleg grøderik og skogkledd til å vere ei øy så nær storhavet. Med rette har Svanøy vorte kalla "Sunnfjords perle". Ingen annan stad i fylket har ei så fargerik historie som Svanøy. 

Gjennom meir enn tusen år har øya vore sete for dei mektigaste menn i Fjordane – antan det galdt verdsleg eller åndeleg makt. Det starta med Eirik Blodøks på 900-talet. Etter reformasjonen vart det enorme Svanøygodset kongegods og adelsgard. Øya vart sete for steinrike og mektige futar. Den vart hovudsete for haugianarane på Vestlandet og enda opp som eit spanande senter for oppdrett og forsking på laks og vilt.

Les også:

Kart over Svanøy frå 1865.

Kart over Svanøy frå 1865.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2017