Hopp til innhold
X
Innhald

Svanøy Røykeri AS

Svanøy Røykeri heldt til i driftsbygningen på Svanøy Hovudgard fram til 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy Røykeri heldt til i driftsbygningen på Svanøy Hovudgard fram til 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy Røykeri AS vart skipa av Svanøy Stiftelse i 1992 for å drive drive produksjon av røykt og grava laks etter spesielle, eksklusive oppskrifter. Ei tid heitte verksemda Svanøy Herregard, men frå 2005 er det Marø Havbruk Eigedom AS som eig verksemda under det opphavelege firmanamnet.

Bak Marø Havbruk Eigedom står familien Tveit Sveen. Røykeriet heldt til i driftsbygningen på Svanøy Hovudgard fram til 2012, då det vart bygt eit nytt produksjonslokale til 11 millionar kroner der Svanøy Gruber i si tid hadde vaskeri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2013