Hopp til innhold
X
Innhald

Svanøy Stiftelse

Norsk Hjortesenter på Kvalstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Hjortesenter på Kvalstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kristoffer Svanøe tok over Svanøy Hovudgard i 1945. Etter kvart såg han at det vart økonomisk tungt å kunne halde det staselege hovudhuset og gardsanlegget elles skikkeleg ved like. Det var difor eit lukketreff for Svanøy at ein av dei fremste industrileiarane i Norge på 1960-talet tok til å interessere seg for det fordums herresetet:

Christian Sommerfelt vart adm. direktør for Christiania Spigerverk i 1961.

Som sjef for Elkem - Spigerverket vart han gjennom vitjing på Bremanger Smelteverk også kjend med historia som knytte seg til praktbygget på Svanøy, som vart freda i 1924. Sommerfelt gjorde avtale med Kristoffer Svanøy, og etter å ha brukt alle sine kontaktar og sin posisjon, fekk Christian Sommerfelt finansiert og skipa Svanøy Stiftelse i 1972.

Norsk Hjortesenter på Kvalstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Hjortesenter på Kvalstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stiftelsen overtok og restaurerte hovudbygningen og gardstunet, og kjøpte dessutan Kvalstad gard på 2.900 dekar. Her vart Norsk Hjortesenter skipa.

Stiftelsen har elles drive med forskning og oppdrett av laks og aure, oppdrett av hjort og storfugl, og produksjon av snittgrønt. Den flotte hovudbygningen og andre hus på tunet vert brukte til seminar, kultursamlingar og som kontor.

Svanøy Oppleving

vart starta av Anders Espeset i 2008. Firmaet legg til rette for opplevingar og arrangement rundt Svanøy Hovudgard og Norsk Hjortesenter.

Ein av hjortane som er ala opp på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av hjortane som er ala opp på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011