Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Antonsen

Sverre Antonsen (1894-1943) frå Fræna, busett i Florø. Kvalfangar og krigsseglar. Han var på veg til fangstfeltet i 1940 som mannskap på S/S ”Koronda” då skipet vart torpedert, men berga seg inn til Liverpool.

Var deretter matros på det svenske skipet ”Embla” til 1942 då han gjekk skyttarkurs i Dumbarton. Mønstra som kanonèr på S/S ”Borgholm” og omkom ved drukning i Cardiff 9. januar 1943.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2010