Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf og telefon i Flora

Damene på sentralen i Florø ca. 1950. Frå venstre: Ragnhild Svardal, ukjend, Solveig Sunde. Foto: Gunnhild Mongstad (som også arbeidde på telefonsentralen). Eigar: Lars J. Nygård/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Damene på sentralen i Florø ca. 1950. Frå venstre: Ragnhild Svardal, ukjend, Solveig Sunde. Foto: Gunnhild Mongstad (som også arbeidde på telefonsentralen). Eigar: Lars J. Nygård/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fiskeritelegrafen varsla sild

Det rike sildefisket på 1800-talet samla i vintersesongen titusenvis av fiskarar i fiskeværa i Kinn og Bremanger. I 1861 vart det difor bygd ein såkalla «fiskeritelegraf» mellom Florø og fiskeværa kringom på øyane.

Frå 1877 til 1903 heldt telegrafstasjonen til i Bataldenhuset, Strandgata 22. Dette huset vart rive i 2011. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1877 til 1903 heldt telegrafstasjonen til i Bataldenhuset, Strandgata 22. Dette huset vart rive i 2011. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Telegraf til omverda

Men fram midten av 1860-åra var «fiskeritelegrafen» i ytre Sunnfjord berre eit internt meldingssystem: For å knyte den lokale telegrafen til landsnettet, vart det i 1866 bygd telegrafline frå Postvåg ved Fensfjorden i Gulen til Rutledal ved Sognefjorden.

Derifrå vart det lagt sjøkabel over Sognefjorden til Leirvik. Frå Leirvik fylgde telegraflina den same lina som Den trondhjemske Postvei (sjå Den trondhjemske Postvei i Fjaler ) til Førde. Dermed hadde dei inste sunnfjordbygdene fått telegrafsamband mot Bergen. Tanken var å byggje telegraflina vidare nordover til Ålesund, men den stogga i Førde.

Frå Førde vart det strekt telegrafline til Florø, slik at fiskeritelegrafen mellom Florø og fiskeværa omkring fekk samband til landsnettet gjennom denne. I 1869 vart det så bygd telegrafline sørover frå Ålesund til Måløy og Kalvåg slik at desse fiskehamnene vart knytte til landsnettet.

Lokaltelefon i 1904 i Florø

Telegrafstasjonen i Florø hadde frå 1877 til 1903 tilhald i Bataldenhuset i Strandgata 22. Dette var og bustadhuset til telegrafstyrar Samuel Andersen Aas. Telegrafstasjonen vart flytta til rådhuset i Strandgata då dette stod ferdig i 1903. I 1904 fekk Florø by eit lokalt telefonnett, bygd av Staten ved Telegrafvæsenet, og byen vart knytt til rikstelefonnettet i 1905. I 1950 flytta telestasjonen inn i nybygget til Sunnfjord Meieri saman med Florø Radio.

Telefonen i Florø vart automatisert på 1950-talet. Dermed kunne folket i kystbyen byte ut dei gamle telefonapparata med sveiv med moderne apparat med nummerskiver. I 1973 vart stasjonen i Florø knytt til fjernvalnettet. Same året bygde Televerket eige hus i Florø sentrum der også Florø Radio flytta inn i 1980.

Televerkshuset som vart  reist i 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Televerkshuset som vart reist i 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Batalden

vart kopla til den lokale fiskeritelegrafen frå 1861 saman med med fiskeværet på Fanøy. Batalden fekk rikstelefon på heilårsbasis i 1920. Stasjonen vart stengd i 1944. I 1958 vart det bygd ut linenett til ein stor del av folket på øyane vest for Florø slik at dei ikkje lengre var avhengige av å gå på stasjonen for å telefonere.

Om lag 10 år seinare vart telefonen på øyane automatisert slik at dei vart kopla opp mot stasjonen i Florø, og det lokale telefonnettet som no sorterte under stasjonen i Florø, vart kopla til fjernvalnettet i 1973–1975.

Kinn hadde fiskeritelegraf alt i 1861. I dag set Norkring sitt anlegg for radio- og TV-kommunikasjon sitt preg på øya. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kinn hadde fiskeritelegraf alt i 1861. I dag set Norkring sitt anlegg for radio- og TV-kommunikasjon sitt preg på øya. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kinn

vart knytt til fiskeritelegrafen i 1861. Kinn fekk rikstelefon i 1901. Telefonen på Kinn var ferdig automatisert i 1975. Ein telefonstasjon i Ura skal ha vorte automatisert alt i 1973.

Rognaldsvåg

på øya Reksta vart knytt til fiskeritelegrafen i 1861. Reksta/Rognaldsvåg fekk rikstelefon i 1901. Telefonen var ferdig automatisert i 1975. - Les elles om flyradiostasjonen i Rogndalsvåg under Florø Radio.

Skorpa

fekk fiskeritelegraf i 1863. På Skorpa hadde stavangerfirmaet Ploug & Sundt, som dreiv sildebuer der, garantert for drifta. Firmaet gjekk frå garantien i 1871 då silda svikta, og stasjonen vart lagd ned.

Tansøy

fekk fiskeritelegraf i 1869. Telefonstasjonen på øya vart automatisert i 1973.

Eikefjord fekk rikstelefon i 1905. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikefjord fekk rikstelefon i 1905. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikefjord

fekk rikstelefon i 1905. Stasjonen vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om telefonstasjonar som skal ha vore på Svarthumle og Løkkebø og når desse kom i drift, men ein peikepinn kan vere å sjå når nærliggjande telefonstasjonar vart opna.

Litle-Høydal

ved Høydalsfjorden fekk rikstelefon i 1917. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane overførde til Stavang i 1957.

Svanøybukt

på Svanøy fekk rikstelefon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1974.

Hovdevåg

fekk rikstelefon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1969.

Norddalsfjorden

fekk rikstelefonstasjon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1973.

Midtbø

fekk rikstelefonstasjon i 1918. Stasjonen vart automatisert i 1973.

Osen

inst i Høydalsfjorden fekk rikstelefon i 1919. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane overførde til Eikefjord i 1960.

Holmesund

fekk rikstelefon i 1919. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane flytta over til Høydalsfjord i 1964.

Straumsnes

i Norddalsfjorden fekk rikstelefon i 1919.

Valvikhamn

på øya Askrova fekk ein såkalla talestasjon for rikstelefon i 1938.

Hammarset

på Askrova fekk rikstelefon i 1938.

Svardal fekk rikstelefon i 1938. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svardal fekk rikstelefon i 1938. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svardal

fekk rikstelefon i 1938. Stasjonen vart lagd ned i 1960 og abonnentane flytta over til Eikefjord.

Steindalen

fekk rikstelefonsamband i 1938. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane flytta over til Eikefjord i 1960.

Bjørnset

telefonstasjon vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om når denne stasjonen kom i drift, men ein peikepinn er å sjå på når nærliggjande telefonstasjonar vart starta.

Brandsøy

telefonstasjon vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om når denne stasjonen kom i drift, men ein peikepinn er å sjå på når nærliggjande telefonstasjonar vart starta.

Svortevik

Svortevikholmen fekk rikstelefon i 1914. Svortevik stasjon vart automatisert i 1973. Det vantar opplysningar om ein telefonstasjon som skal ha vore på Kvellestad like aust for Svortevik.

Stavang

telefonstasjon vart automatisert i 1975. Det vantar opplysningar om når denne stasjonen kom i drift, men ein peikepinn er å sjå på når nærliggjande telefonstasjonar vart opna: Vevring og Svortevik fekk telefon i 1914, Litle-Høydal i 1917, Svanøy i 1918.

Telemasta på Storeåsen i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Telemasta på Storeåsen i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011