Hopp til innhold
X
Innhald

Thekla-ulukka

På dette biletet som er teke frå toppen av Høydalsnipa skimtar vi Oddane like til høgre for toppen av varden. Der skjedde Thekla-eksplosjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet som er teke frå toppen av Høydalsnipa skimtar vi Oddane like til høgre for toppen av varden. Der skjedde Thekla-eksplosjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den 1. september 1945 vart alle dei 20 ombord drepne då den hollandske lekteren «Thekla» eksploderte ved Oddane då den skulle dumpe ammunisjon i Brufjorden.

Mellom dei omkomne var 12 nordmenn, to norske vaktmannskap og 10 varetektsfangar som var mistenkte for krigsbrotsverk. Dei to vaktmennene var Andreas Hesjedal frå Eikefjord og Johan Barca frå Bergen. Dei norske fangane var Sverre Åsen, Førde, Leif Stavøystrand, Svanøybukt, Ola Fagerheim, Mikal Rognes og Ole Frislid, alle Hornindal, Ingolf Hagevik og Bjørn Lem, Måløy, Jacob Hellevik, Bergen/Sandane, Olav Djupevik, Eikefjord, og Annanias Kongsvold, Stord. Dessutan omkom ein engelsk sersjant, det tyske båtmannskapet på fem og to andre tyskarar.

Etter ulukka gjekk det rykte om at eksplosjonen var arrangert av folk som ville hemne seg på dei norske fangane ombord. Ein alliert kommisjon vart oppnemnd for å granske ulukka. Resultatet av granskinga er ukjend.

Ulukka spreidde frykt i Florø for at liknande kunne skje ved seinare lasting av sprengstoff som skulle dumpast. Difor vart det m.a. sett forbod mot lasting inne i hamna.

Les meir om krigshistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2010