Hopp til innhold
X
Innhald

Thor Solberg

Thor Solberg med ein modell av flyet Leiv Eiriksson. Foto: Foto: Vang Stu. Bilete utlånt av Grete Belinda Solberg.

Thor Solberg med ein modell av flyet Leiv Eiriksson. Foto: Foto: Vang Stu. Bilete utlånt av Grete Belinda Solberg.

Statuen av Thor Solberg ved Florø Lufthamn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statuen av Thor Solberg ved Florø Lufthamn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Thor Solberg (1893-1967) frå garden Solberg på Årebrot. Han tok flysertifikat i 1919 og vart ein av landets store flypionérar.

Solberg reiste til Amerika etter råd frå venen Roald Amundsen, og i 1935 gjennomførde han den første atlanterhavsflyginga USA - Noreg med amfibieflyet «Leiv Eiriksson».

Dødsulukke i Hardanger

Den 29. august 1936 var han på veg frå Øystese til Voss med sju passasjerar då dårleg ver gjorde at han ville lande på fjorden ved Granvin. Men «Leiv Eiriksson» miste løftet i ein sving og styrta i fjorden frå vel 20 meters høgde. Ein av passasjerane omkom, og Solberg sjølv vart alvorleg skadd og låg på sjukehus i eit halvt år. Flyvraket vart frakta til Oslo, der det vart reparert og plassert på Norsk Teknisk Museum.

Flyet til Thor Solberg etter styrten i Granvin i 1936. Foto: Olav O. Kjerland.

Flyet til Thor Solberg etter styrten i Granvin i 1936. Foto: Olav O. Kjerland.

Utdanna krigsflygarar

Thor Solberg starta flyskule i USA og bygde eigen flyplass ved New York. Under andre verdskrig utdanna han over 2000 krigsflygarar.

I Noreg starta Solberg på 1930-talet eige flyselskap, «Solbergfly», som mellom anna dreiv rutetrafikk på Vestlandet. I 1957 starta han flyskule på Jarlsberg flyplass i Vestfold.

Minnesmerke ved Florø Lufthamn

I 1939 gav Solberg ut «Med Norge som mål», der han fortel om pionérturen over Atlanterhavet. I Florø er gata mot flyplassen oppkalla etter Thor Solberg, og i 1986 vart det avduka eit minnesmerke over han ved Florø Lufthamn.

Solberg er tildelt den høgthengande ordenen St. Olavs Orden av 1. klasse. I USA er han innlemma i Aviation Hall of Fame.

I 2012 gav Bjarte Sindre ut boka «Flypioneren Thor Solberg», og i 2013 kom boka «Atlanterhavsflygaren Thor Solberg – ei røvarhistorie», forfatta av Dag H. Nestegard.

Minneplata ved statuen av Thor Solberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minneplata ved statuen av Thor Solberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.12.2013