Hopp til innhold
X
Innhald

Tønnefabrikantane Hovland

Hovlands tønnefabrikk i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovlands tønnefabrikk i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I mange Sunnfjord-bygder, særleg kring Dalsfjorden, Gaular og i Eikefjorden, utvikla produksjon av tønner seg til ein viktig heimeindustri på 1800-talet.

Fleire av desse verkstadane vart utbygde til store fabrikkar som kunne ha opptil 100 tilsette på det meste. Den største vart Dale Tønnefabrikk i Dale, starta i 1912 av Ola Hovland frå Eikefjorden. To år etter starten, hadde Hovland 25 mann tilsette.

Seinare kom broren Aksel Hovland til Dale og starta ein like stor tønnefabrikk saman med svogeren under namnet Hovland & Rakneberg. Bøkkarfaget hadde Ola og Aksel lært hos faren Kristoffer Dahle-Hovland i Eikefjord.

Ola Hovland flytta heim til Eikefjord frå Dale i 1936 og overlet roret der til sonen Kristoffer Hovland. I Eikefjord starta Ola ny tønnefabrikk i heimbygda, som vart utvida til 10 tilsette.

Den tidlegare tønnefabrikken sett frå Eikefjord sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare tønnefabrikken sett frå Eikefjord sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2010