Hopp til innhold
X
Innhald

Tysk eventyrar og Bergens-kremmarar tek over

Svanøy hovudgard sett frå søraust. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Svanøy hovudgard sett frå søraust. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

I 1718 selde Svane-slekta alt dei rådde over i Sunnfjord: Svanøy Hovudgard og underliggjande gardar, tienden i Sunnfjord og birkeretten fylgde med. Kjøpar var justisråd og stiftsbefalingsmann over Kristiansand stift, Johan Sigismund de Lillienpalm.

Eigentleg heitte han Johan Nassius og var ein tysk bergmann og eventyrar som m.a. slo seg opp ved å gifte seg til rikdom. Han betalte ein stor del av kostnaden kongen hadde med ein krig mot Sverige, og vart m.a. løna med ein adelstittel i 1718: de Lillienpalm. Men de Lillienpalm eigde Svanøy berre nokre månader, for i august 1718 selde han godset med 1000 riksdalars forteneste til Bergens-kjøpmannen Robert Davidsen Faye, som igjen selde godset i 1719 til stiftsamtsskrivar i Bergen, den forfengelege Severin (Seehusen) de Svanenhielm.

Svanøy-godset vert partert

Seehusen var minst like glad i adelstitlar som tyskaren Nassius. Han høyrde til ein av de rikaste borgarfamiliane i Bergen. I 1711 vart Seehusen utnemnd til stiftsamtsskrivar i Bergen, og fekk etterkvart også hand om dei same embeta i Stavanger og Nordlandene (Nord-Norge). Han åtte stasgarden Damsgaard ved Bergen (Laksevåg), og i 1719 kjøpte han Svanøy-godset for å verte adla. Addelstittelen fekk Severin Seehusen i 1720, og kunne smykke seg med det fjonge namnet «de Svanenhielm».

Men han viste mindre omsorg for kassahaldet i embeta sine. I 1724 sat han i botnlaus gjeld, over 100.000 riksdalar, og måtte m.a. selje det meste av Svanøy-godset på auksjon i 1726. Dermed fekk mange av leiglendingane høve til å kjøpe gardane sine, og vart sjølveigande bønder.

Retten til å krevje tiende i Sunnfjord gjekk tilbake til kongen, som i 1741 selde denne retten ut att til oberstløytnant Jan van der Welde i Bergen. Slekta hans kunne nyte godt av denne spesielle «skatteinnkrevinga» i Sunnfjord heilt fram til 1902, då den vart innløyst av staten, og arvingane fekk utbetalt 63.000 kroner.

Svigersonen som berga stumpane

Men den bankerotte de Svanenhjelm var ikkje heilt ute av Sunnfjord: Under auksjonen i 1726 fekk svigersonen Wilhelm Hansen kjøpe Svanøy Hovudgard og fleire andre gardar på Svanøy, og i 1732 skøytte Hansen godset over til svigersonen, Morten de Svanenhielm. Han var gift med Cecilia Kristine frå den mektige og rike adels-familien de Lillenskiold.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2010